Bannerbilde for løpet

KnarvikMila 3 km løp for para


Dato

3.9.2023

Sted

Knarvik, Norway

Pris

125 - NOK


Distanse

3 km

Høydemeter

20 m

Underlag

Asfalt, Bane


Beskrivelse

KnarvikMila er kjend for sine klassiske distansar 21km, 10km og 5km, og frå 2023 også 3 km, for løparar.

Samstundes med innføring av 3km løp i år, har vi også ønsket å etablere eit løp utelukkande for parautøvarar. Erfaringane våre visar at å kombinere ordinære løp og parautøvere i samme løype og til same tid, kan skape nokre utfordringar med plass i løypen, spesielt for rullestolutøverne.

Vi ønskjer å tilby et eige løp for parautøvere, for å kunne skape betre forhold for å kunne gjennomføre eit godt løp for både dei raskeste rullestolbrukerne og paraløperne, men også bedre forhold for dei som brukar lengre tid i løypen. 

Løypen er planlagt å være den samme som vi skal gjennomføre 3km løp og 3km turmarsj (NaturMila) i samme dag. Løypa vår vil vere ein av dei flataste og raskaste løypane du kan finna på Vestlandet. Her skal alt vere lagt til rette for eit godt løp, og ein god løpsoppleving!

Løypen er ein kombinasjon av asfalt og hardpakket grus (Brekkeløypa), med start- og målgang foran tribunen inne på Knarvik Stadion. 

Løpet vil som alle andre av våre løp denne helgen ha felles oppvarming, startportal, startpistol, tidtaking, god løypemerking, løypevaktar, målportal, mellomtidar/sluttresultat og resultatlister på storskjerm, medaljar til alle utøvarar, premiering til dei raskaste, trekningspremiar blant alle deltakarane, profesjonell speaker mm. 

KnarvikMila har invitert handikappforbundet, idrettsforbundet og Olympiatoppen til å komme med innspel eller vere med på planlegginga, for eit best mogleg løp og arrangement for parautøvarane.

3 km er open for alle frå 10 år. Det vil være 4 klassar, dame- og herreklassar i sittande og ståande. Det vert premiar til dei 3 beste dame- og herrane i begge klassar!

🚗

Alle deltakarar blir med i trekning om ein lang rekke andre små og store premiar, inkl. ein Toyota frå Eknes Karosseri AS til disposisjon i eit år i hovudpremie!

Løypebeskrivelse: 🏃🧑‍🦽

Pga. vegarbeidar rundt Knarvik stadion er ikkje løypetraseen endeleg fastslått, men den vil starte og slutte på Knarvik stadion og innehalde ein runde i Brekkeløypa og noe i Lonsvegen.

Meir info om kontrollmålt løype kjem så snart vegarbeida er avslutta og kontrollmåling er foretatt!

Traseen vil uansett bli flat og lettløpt med lange rette strekk - perfekt til å setje ny pers i.

Løypa er bilfri og det vil vera publikum, drikkestasjonar, underhaldning og aktivitetar langs heile løypa.

I målområdet får du medalje, vatn og banan. Her finn du også Røde Kors-teltet dersom du treng assistanse og eit eige område der du kan mingle med andre løparar.