Bannerbilde for løpet

Stalheimskleiva Opp


Dato

13.5.2023

Sted

Voss, Norway

Pris

- NOK


Distanse

2 km

Høydemeter

250 m

Underlag

Asfalt


Beskrivelse

Stalheimskleiva Opp er et motbakkeløp i Voss herad. Løpet vart for fyrste gong arrangert i 2008. Jon Tvedt og Marit Seim var dei fyrste vinnarane av motbakkeløpet. Løypa startar i Nærøydalen på 125 m.o.h, og har målgang ved Stalheim Hotel 375 m.o.h. Løypa er 2 km lang, har ei stigning 250 høgdemeter og på det brattaste er vegen heile 20%. Opp dei 13 svingane får du ei fantastisk utsikt utover Nærøydalen.

I tillegg til motbakkeløpet vert det også arrangert barneløp for dei minste(4-10år) frå Sivlesteinen til målgang eller viss du vil nøya deg med mosjon og opplevinga i kleiva, kan du vera med på Familieløp/trim & kunnskapstur.

Løpet ble arrangert for siste gang i 2023.

Klokkeslett/pris:

Trimklasse m/kunnskapstur: 12.30–14.00

50 kr per person (maks 200 kr per familie)

Barnløp frå Sivlesteinen (4–10 år): 13.30

50 kr

Motbakkeløp: 14.00

200 kr (10–19år)

250 kr (20år+)

Siste påmelding kl. 13.00 (Etterpåmelding + 50 kr)

På grunn av rasfare i tidlegare startområde er starten flytta 50 meter til brua nedst i Stalheimskleiva. Årets bestetid i damer/herrar vert difor ny løyperekord i Stalheimskleiva opp.

Deltakarnummer hentar du ved mål på toppen av Stalheimskleiva.

Det vert ikkje mogleg å parkera nede i Stalheimskleiva. All parkering vert i området ved Stalheim Hotel.

Det vert flotte premiar til alle deltakarar! Beste tid i dame- og herreklassen vert premiert med kr 3000.

Stalheimskleiva opp vert i år arrangert i samband med arrangementet "Landskapsfest på Stalheim". For dei som ynskjer å nytta heile dagen eller helga på Stalheim er det mogleg å bestilla middagsbuffet, konsert og overnatting på Stalheim Hotel.

Ver med og skap folkefest på Stalheim!